KREATIVFYLKET MØRE OG ROMSDAL VOL. 2 • KRISTIANSUND

Når: torsdag 29. Oktober kl. 18:00 - 20:00
Hvor: Vindel innovasjonsarena

Informasjon

Denne kvelden får vi møte tre spennande aktørar:
Jonas Fagereng Jacobsen • Fotograf og fotojournalist
Frå Kristiansund, ut i verda og tilbake med kameraet!
Jonas tek oss med på reisa si som fotograf, frå utdanning og fotojournalistikk til eigne langsiktige prosjekt. Hovudfokuset er den nye fotoboka I medvind uansett vær, som utforskar oppveksten i Kristiansund og det å vende tilbake til heimbyen etter fleire år borte.
Korleis er det å vere kreativ frå Nordmøre? Kva moglegheiter finst her, og kva skal til for at fleire kreative vel å flytte heim og bli verande?
Christine Blass • Strategisk designar, driv HUE creative studio / Creative House
Christine står bak Creative House, eit kreativt arbeidsfellesskap midt i Kristiansund, der gründerar, kreative fagfolk og bedrifter kan møtast, dele kompetanse og utvikle nye idéar saman. Med ambisjonar om å tiltrekkje digitale nomadar, byggje internasjonale nettverk og skape samarbeid på tvers av landegrenser, ønskjer Creative House å gjere Nordmøre til ein attraktiv møteplass for kreativ næring – både lokalt og internasjonalt.
Hans-Petter Bjørnådal • Arkitekt, driv POETIC / initiativtakar Creative Talks
Kva skjer når vi samlar folk på tvers av kreative fagfelt?
Hans-Petter står bak Creative Talks, ein arena for inspirasjon, kunnskapsdeling og samtalar. Han deler tankar om kvifor fysiske møteplassar er viktige, og korleis nysgjerrigheit, fellesskap og nye relasjonar kan bidra til å styrkje det kreative næringslivet på Nordmøre.
Saman gir Christine og Hans-Petter oss eit innblikk i korleis ulike initiativ kan vere med på å byggje eit sterkare og meir samlande kreativt miljø i regionen.
Frå inspirasjon til nye relasjonar!
Etter historieforteljing og fagleg påfyll går vi over i nettverksmodus! Gjennom ein uhøgtideleg spørsmålsrunde blir de utfordra til å bli betre kjende med kvarandre, dele erfaringar og utforske nye moglegheiter.
Kven veit? Kanskje finn du ein framtidig samarbeidspartnar, får ein ny idé eller møter nokon med akkurat den kompetansen du treng?
Vi rundar av med mingling, snacks og drikke.
Vel møtt til ein kveld med inspirasjon, kunnskapsdeling, nye relasjonar og gode samtalar!
🎟️ Arrangementet er gratis, men krev påmelding: https://forms.gle/f1YiCaMCSLK4vvci9
────────
Arrangør: Sunnmøre Kulturnæringshage i samarbeid med Vindel, Protomore og Nordveggen.
Med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Se mindre

 

 

Legg til i kalender

Teknologiomstillingsprogrammet

21 oktober 2026

For små og store bedrifter som vet at teknologi blir viktigere, men som fortsatt er usikre på hvor de bør starte. Programmet gir innsikt i hvordan KI, data, cybersikkerhet og automasjon kan påvirke drift, effektivitet og risiko. Underveis får dere et tydeligere bilde av hvor egne teknologigap kan ligge, og hvilke områder som bør undersøkes nærmere. Målet er at dere etter programmet skal ha et tydeligere bilde av hvor dere står – og hva dere bør prioritere.

Scroll til toppen