Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.
Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M - presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar - råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane - eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål. Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.
#01 Innleiing: Bli kjend med deltakarane, metoden og verktyet.
#02 Føremål: Korleis påverkar din motivasjon og berekraft prosjektet?
#03 Ressursar: Korleis kan ressursane dine bidra til konkurransekraft?
#04 Forretningsidé: Kva behov skal du dekkje, og for kven?
#05 Berekraft: Berekraftsmåla og korleis dei er viktige for deg.
#06 Forretningsmodell: Korleis skal du klare å dekkje dette behovet?
#07 Mål: Kva mål set du deg for å nå dit du vil?
#08 Oppgåver: Kva må du gjere for å nå måla dine?
#09 Prognoser: Inntening, likviditet, finansiering og formelle krav
#10 Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen
Programmet med start 01. februar har samlingar kl.09:00-10:30 den
01. - 03. - 06. - 08. - 10.- 13.- 15.- 17. - 20. og 22. februar 2023.